Fjordstafetten
Her kjem resultata frå Fjordstafetten. Det vart eit vellukka arrangement i flott vær. Når det fortsatt var snø på deler av stadion og i lysløypa brukte vi kunstgrasbana og området rundt klubbhuset, og litt oppover vegen på lengste etappane. 5 lag i barnestafetten der Valldal IL tok første napp i vandrepokalen, og 7 lag i hovudstafetten der Norddal IL tok første napp i vandrepokalen. Gratulerer til alle med god innsats!
Fjordstafetten 22. april
Fjordstafetten på Valldal stadion laurdag 22. april kl. 16.00. Klubbane i Fjord kommune er invitert til å delta i Fjordstafetten.Kl. 16.00 Eigen barnestafett 9-12 år. 4 etappar x 200 meter. Minst 1 gut/jente på kvart lag, maks alder 45 år. Kl. 17.00 Stafett: 5 etappar med slik fordeling på kvart lag:1. etappe: Gut 16 år eller yngre: ca 300 meter2. etappe: Jente 16 år eller yngre: ca 250-300 meter3. etappe: Dame ca. 900-1000 meter4. etappe: Mann: ca. 1300-1400 meter5. etappe:…
Vinnarar, Marknaden 23.03.2023
Valldal Idrettslag vil rette ei stor takk til alle som ga gevinstar, kjøpte lodd, baka kaker, underholdt eller hjalp til for at vi fekk arrangert ein fin marknad. Takk også til alle som kom på markanden og gjorde ettermiddag til ein inntektsbringande dag for laget.
Fortsetjande årsmøte
På ordinært årsmøte 23.03.2023 lukkast det ikkje å få på plass ny leiar for Valldal idrettslag. Det blir derfor halde fortsetjande årsmøte 12.04.2023 kl 19.00