Valldal Idrettslag – vi kan – vi VIL
vi kan – vi VIL

MEFJELLET OPP 2021

 
Løp for konkurranseklassene 12 år og eldre vert gjennomført søndag 27. juni. Påmelding og informasjon på www.mefjelletopp.no
 
I mosjonsklassa må deltakarane ta turen til toppen av Mefjellet i perioden 20.6 – 26.6. Ta eit bilete frå toppen og send til Einar Hoel, e-post einar.hoel@mimer.no eller på tlf 970 77165. Betal startkontingent kr 50 pr person til Vipps 108454. Alle deltkarar får tilsendt eller utlevert Mefjellet-opp medaljen. Det er også mogeleg å få utlevert medaljen på Spar Valldal.  Tillegg er det sjanse for å vinne uttrekkspremie.

TAFJORD BYGG UT FIBER I VALLDAL-

TAFJORD er snart i gang med fiberutbygginga i Valldal, men det er fortsatt ikkje for seint å bestille for dei som set på gjerdet.

For kvar bestilling av TV- og internettpakken deler TAFJORD ut 250 kroner til det lokale idrettslaget DU ønskjer å støtte! Dette har allereie gitt oss i Valldal IL eit verdfullt bidrag til klubbkassa, men om du skal bestille håper vi at DU også vil støtte oss.

Husk derfor å velje Valldal IL når du bestiller her: https://www.tafjord.no/tv-og-internett/bestill-fiber/

LOTTERI 2021 – VINNARLISTE

Valldal IL sitt lotteri er no trekt og vedlagt er liste over dei heldige vinnarane. Gevinstar vert levert ut snarast råd
Det vart ialt seld 1.410 lodd a kr 20. Valldal IL vil takke alle som støtta laget med å kjøpe lodd og alle som har gjeve gevinstar til lotteriet. Hjarteleg takk!!

FJELLTRIM 2021

Igjen ønsker vi velkommen til ei ny sesong i fjelltrimmen.
Vi fortsetter med digital registrering på trimpostene våre med Georeg, der alle har oversikt over sine turer og sin plassering. Vi oppfordrer fortsatt å ikke bruke trimpostbøker.
Alle som gjennomfører fjelltrimmen, dvs. minst 10 ulike turer voksne(16+) og 6 ulike barn, vil få premie/diplom.
I tillegg er dei med i trekning av ei flott treningsklokke til voksne og ei til barn, og også flere premier.
Trimkort kan kjøpes fra 03.05.21 på Spar i Valldal og leveres inn senest den 30.11.2021.
Lykke til og god tur! 😎
 

ÅRSMØTE I VALLDAL IL  ONSDAG 28. APRIL KL 19.30 PÅ KLUBBHUSET

Saker til årsmøtet:

Påmelding fotballsesongen 2021

Vi inviterer alle barn (frå 1. klasse) og vaksne som har lyst å spele fotball sesongen 2021 til å melde seg på.

Påmeldingsfrist: 15. desember.

Du melder deg/dine på ved å sende

  • namn
  • fødselsdato
  • mailadresse/mobilnummer (til føresette)

til fotball@valldalil.no eller ta kontakt på 403 32 462 (Solfrid Fjeldstad).

Dagleg leiar – Valldal idrettslag

Olav Løvoll er tilsett i 30 % stilling som dagleg leiar i Valldal idrettslag. Dette er ei historisk tilsetting i laget si 101 årige historie, den første faste tilsette i laget.

Olav har allsidig bakgrunn m.a. som leiar i Valldal idrettslag i 8 år  og har brei erfraring frå ulike leiarstillingar både i det offentlege og private. Han er ein aktiv pensjonist med m.a. mange verv og engasjement i lokalpolitikken.  Han starta gradvis opp i arbeidet frå 1. oktober 2020.

Dagleg leiar har kontordag på klubbhuset onsdagar frå kl 15.30 – 17.30.  I perioden 1.juli til 31. august 2021 blir det kontordagar på torsdagar. Ta gjerne turen innom!  Kontordager kan i einskildhøve flyttast, men vert då registrert på VIL sine sider. 

 

Kontrollutval

Valldal idrettslag har oppretta og vald kontrollutval i samsvar med laget si reviderte lov. Kontrollutvalet erstattar revisorane og har ein utvida funksjon. Det skal følgje opp laget gjennom heile året  og m.a.  kontrollere at vedtak i årsmøte og styret vert følgd opp. Utvalet skal også sjå til at laget har ei forsvarleg økonomistyring. Lars Tomas Bersås og Marius Høghjelle er medlemmer i kontrollutvalet med Anne Nygård som varamedlem.

Retningslinjer betalingsordning – betalingsfritak

Valldal IL har vedteke retningslinjer for betalingsfritak av diverse avgifter og betalingar, sjå vedlagte Betalingsordning-betalingsfritak
 

Nye føringar for disksporten frå forbundet 13.mai 2020:

Diskgolfvettregler_illustrasjon_13mai og Diskgolfvettregler_13mai.