vi kan – vi VIL

Friidrettscup 2013

Friidrettsesongen er igang og styret i friidrettsgruppene til Liabygda og Valldal har sett opp datoar for friidrettscup med sju datoar frå mai-september. Det blir satsa på onsdagar kl. 18.00 + ein søndag i Stordal. I tillegg er det tilbod om felles trening i Liabygda dei onsdagane det ikkje er cup frå 10 år og oppover.

For dei yngste i Valldal vil vi i år prøve å ha eit tilbod frå kl. 16.15-17 på skuleplassen også dei onsdagane det ikkje er cup. (Samme tidspunkt som idrettskulen har hatt tidlegare.)
Sjå plakat/oversikt over cupane og friidrettskalender for dei som også vil ha eit treningstilbod.