vi kan – vi VIL

Vårslepp 2017

Resultat frå Vårslepp 2017:

Vårslepp har blitt ein populær turnering tidleg på sesongen, og som trekker folk frå Langevåg inn i fjordane. Det var ein Langevågar som kunne kontrollere inn seieren til slutt.

Etter første runde hadde Andreas Havnegjerde (-11) opparbeidd seg ei lita luke ned til Runar Engeseth Andersen (-7) og Marius Urke (-6). Jonas Tangen Hoff (-4) og Per Jomar Nerli (-4) delte fjerdeplassen. Morten Hammer (-3) heldt sjetteplassen føre eit koppel. Det var nemleg seks personar på -2!

På andrerunden auka Andreas (-13) leiinga med ein fantasisk runde og var no på heile -24. Aldri har det vore kasta 13 under par på berre 15 korgar! Runar (-5) beheldt andreplassen med -12, mens Jonas (-6) klatra opp til tredjeplass med -10. Etter der følgde Robert Hammer (-8) med -9, Øyvind Jarnes (-7) med -8 og Richard Moen (-5) med -7. På denne runden sette likegodt Eirik Lødøen historiens første ace på #8!!!

Finalen besto av litt annleis hol, men dei blei ikkje altfor store endringar. Andreas (-1) og Runar (-1) kontrollerte plassane sine. Robert (-1) gjekk forbi Jonas (+2) og fekk dermed tredjeplassen.

Resultatliste finn de på discgolfmetrix.com.

 

 

Info før turneringa:

Vi held på tradisjonen med å ha ei turnering tidleg i sesongen. Alle spelar i same klasse og vi legg opp til uttrekkspremiar i år også. Det blir to rundar på 15 hol med finale på fire hol for dei fire beste.

50 kr dekker premiar og ctp på #12 (begge rundar). Kontantbetaling ved oppmøte.

Påmelding ved å registrere seg på Metrix.

Runde 1: 1-2-4-5-7-8-9-11-12-13-14-15-16-17-18 (3-6-10 blir ikkje med)

Runde 2: 2-3-4-5-7-8-9-10-12-13-14-15-16-17-18 (1-6-11 blir ikkje med)

Sjå Banekart Jemtegård Diskgolfbane.

Finale for dei fire beste:

  1. Frå utkast 1 til korg 4. Par 5. OB-linja til høgre for korg 4 gjeld berre ned til skogkanten.
  2. Hol 8 som vanleg. Par 3.
  3. Hol 9 som vanleg. Par 4.
  4. Frå utkast 12 (kan ta ved sida) til korg 1. Par 4. Ingen OB.

Omtrentleg tidsskjema:

  • 10.15-10.30: Registrering og betaling
  • 10.30-10.45: Inndeling i grupper
  • 11.00-12.30: Runde 1
  • 12.30-13.30: Matpause
  • 13.30-15.00: Runde 2
  • 15.15-15.45: Finale
  • 16.00: Trekking av premiar og avslutning

OPEN KIOSK MED SAL AV MAT OG DRIKKE.