vi kan – vi VIL

Vekas runde 2018

Vekas runde blir spelt kvar fredag kl.1800 frå første fredagen i april til siste fredagen i september. Den består av 12 hol og i år som par 40. Dei fem beste rundane dine tel i samandraget. Alle resultat, inkl. samanlagtliste, finn du på DiscGolfMetrix. Du kan også bli med på Vekas runde utan å registrere resultat. Då seier du berre i frå før start.

Banen blir som følgjande:

  1. #26 – par 3 – kioskholet
  2. #3 – par 3 – bort til steinen
  3. #4 – par 4 – over grova
  4. #5 – par 4 – korga oppå stein
  5. #7 – par 3 – inn i skogen
  6. #8 – par 3 – ut av skogen
  7. #9 – par 4 – rundt mando
  8. #13 – par 3 – korg nær OB/bekk
  9. #14 – par 4 – traktorvegen
  10. #16 – par 3 – opp bakken
  11. #17 – par 3 – «rullehaugen»
  12. #2 – par 3 – inn i bakken

Banen ligg sjølvsagt inne på Metrix. Det er ikkje sikkert vi får starta ved kioskholet kvar gong, men då tar vi den heller på slutten av runden. Legg merke til at hol 2 kjem til slutt.

Rundestart er kl. 1800 og spelarar må då registrere seg innan kl. 1745, slik at vi rekk å dele inn i grupper.  Nye spelarar kan sjølvsagt vere med utan å ha registrert seg på førehand. Det fiksar vi der og då. Det er flott viss dei som vil varme opp, har gjort dette innan kl. 1800.