vi kan – vi VIL

Sesongen 2020

Her er ei oversikt for det som skjer sesongen 2020:

På vinteren disponerer vi heile idrettshallen på Martin Linge-huset måndagar kl. 19-21 for puttetrening. Vi driv også med annan trening som kondisjonstrening, for eksempel ultimate. Du er hjarteleg velkommen til å trene med oss. Vi ynskjer at du er medlem i Valldal IL, noko som gjer at vi får trene gratis. PS! Påbode med innesko!

Denne sommaren er litt spesiell pga covid 19, men vi har mykje aktivitet likevel. Fredagar har vi Vekas runde (12 første hola på banen) og søndagar har vi Søndagsrunden. Begge desse går inntil vidare med flexstart, dvs at ein melder seg på eit ledig tidspunkt for start. Fredagane ønskjer vi at flest mogleg melder seg på rundt kl.18, som har vore det vanlege før.

Viktige datoar/tider på Jemtegård Diskgolfbane sesongen 2020:

  • Fredagar april-september: Vekas runde
  • Søndagar mai-september: Søndagsrunden
  • Laurdag 30. mai: Vårslepp
  • Laurdag 8. august: Jemtegård Open
  • Fredag 25. september: Siste Vekas runde
  • Laurdag 26. september: Klubbmeisterskap

Andre aktuelle datoar:

  • Fredag 3. – søndag 5. juli: Norgescup  nr.1  (NC1) Vasset Open (Langevåg)
  • Fredag 31. juli – søndag 2. aug.: NM Klæbu (Trøndelag)
  • Laurdag 29. – søndag 30. aug.: NC2 Stovnerputten (Oslo)
  • Laurdag 5. – søndag 6. sept.: NC3 Selbu (Trøndelag)
  • Laurdag 12. – søndag 13. sept.: NC4 Eydehavn (Arendal)
  • Torsdag 17. – laurdag 19. sept.: PCS Open (Øverås) – meir info på Facebook
  • Laurdag 26. – søndag 27. sept.: NM pargolf Gålå