vi kan – vi VIL

Rabattkort/klubbavtale

Fotballgruppa har inngått klubbavtale med Intersport Rognve i Ålesund. Alle som er med på fotball i Valldal IL kan få seg eit rabattkort ved å spørje etter dette i kiosken. Ved framvising av dette får ein 20% rabatt på alt Umbro-utstyr på Intersport Rognve sitt klubbutsal ved Vingårdsskiftet/Moa. I tillegg til rabatt for kvar enkelt, vil fotballgruppa spare seg opp sponsorpoeng. Vi får på denne måten ta ut varer for 15 000,- på slutten av året.