vi kan – vi VIL

2015

Årsmøte Valldal IL

Årsmøtet vart gjennomført på Klubbhuset 4. mars kl 19.00. 12  medlemmar var til stades. Møtet vart greitt gjennomført på vel 3 timar. Årmelding og rekneskap vitnar om  stor aktivitet, spesielt i gruppene.  Anders Rem hadde ansvaret for eit herleg måltid i løpet av årsmøtet.

Andre saker som vart handsama:

  •  uendra medlemskontigent i 2016
  • det er inga endring i organisering av laget i 2015. Valldal IL vert ikkje meldt inn eller ut av særforbund dette året
  • planane for rehabilitering av Idavollen vert endra til 11-ar bane. Lysanlegg skal oppgraderast. Kostnadsramme og finansering godkjent

Viser elles til dokument frå årsmøtet –

Årsmelding 2014
Rekneskap VIL 2014
Rekneskap-balanse VIL 2014
Revisjonsmelding 2014

Budsjett VIL 2015

Protokoll underskriven 2015

Val ga følgjande resultat:

  • Leiar: Einar Hoel                                             2015
  • Nestleiar: Anders Rem                                 2015
  • Styremedlem: Trond Håvoll                        2015-16
  • Styremedlem:  Liv Marit Indreeide          2015
  • Styremedlem: Kristin Gilje Sandnes        2014-15 (ikkje på val)
  • Leiar-friidrett: Magne Eivind Glomnes   2015
  • Leiar-fotball: Richard Moen                        2015
  • Leiar-langrenn: Kristi Linge Stakkestad 2015
  • Leiar-trim: Kjersti Magnussen                   2015
  • 1. varamedlem: Inge Sunde                        2015
  • 2. varamedlem: Torkjell Bjørstad            2015
  • Revisor:  Kåre Erstad                                    2015
  • Revisor: Olav Løvoll                                     2015
  • Utsendting til årsmøtet i Norddal Idrettsråd , Anders Rem og Liv Hanne Svensvik

Årsmøte Valldal IL

Onsdag 4. mars kl 19.00 på Klubbhuset

Årsmøte Valldal Idrettslag sakliste 2015