vi kan – vi VIL

Kva er disksport?

Disksport inneheld mange ulike aktivitetar der ein brukar disk, eller frisbee som mange kallar det. Diskgolf (frisbeegolf) og ultimate er to av dei største i Norge. Det fins også fleire, som freestyle, presisjon, lengde, discathon osv. I Valldal driv vi stort sett med diskgolf, med innslag av ultimate i hallen i vintersesongen.

Diskgolf er ein sosial lågterskelsport for alle, som går ut på å kaste ein disk (frisbee) frå utkast til korg på færrast kast. Altså det same prinsippet som vanleg golf. På Jemtegård Feriesenter disponerar vi ei bane med fleire korger. Det er gratis å spele på denne banen og du kan ta med din eigen disk og spele når du vil. Du kan også leige eller kjøpe disk i kioskens opningstid.

Det er ulike arrangement som du kan vere med på i løpet av sesongen. Desse finn du under aktuell sesong. Vekas runde er eit fast innslag og går kvar fredag (oppmøte kl.17:45) frå starten av april til slutten av september.

Du finn meir info om oss ved å dra musepeikaren over fana Disksport oppe til høgre.

Her nokre aktuelle linkar:

Særforbundet

Frisbeegolf.no

DiscGolfMetrix

Udisc