vi kan – vi VIL

Valldal stadion

Offisiell opning av Idavollen kunstgrasbane

Valldal Idrettslag si nye kunstgrasbane på Idavollen var offisielt med ei markering laurdag 3. september. Mykje folk var møtt fram for å få med seg denne storhendinga.

Det var helsing frå Sunnmøre Fotballkrets, Norddal kommune og Sparebanken Møre. Leiar i Valldal IL, Einar Hoel, fortalde litt om historia til Idavollen. Byggenemnda, Torkjell Døving, Anders Rem, Robin Gjerde og Anne Lene Hjelle fekk overrekt blomster som takk for innsatsen dei har lagt ned. Det var servert rjomegraut, pølse med brød, saft og kaffi og kaker. Det var triksekonkurranse og presisjonskyting.

Som avslutning på dagen vart det spela grendacup i fotball, der laget frå Muri/Linge vann ein spanande finale mot laget frå Fjørå/Tafjord

                                                                  Idavollen

Støtt kunstgrasbana

Vi treng din hjelp og støtte til å finansiere kunstgrasbana og i den anledning sel vi difor baneandelar til kr. 500. Det er også mogleg å gje gåve til dette prosjektet. Du kan betale inn på prosjektkonto: 3910.52.84172 Hugs å merke betalinga med namnet ditt og at det gjeld «Andel kunstgras» eller «Gåve kunstgras». Sjå elles link for prospekt:

Prospekt kunstgras (.docx)                           Prospekt kunstgras (.pdf)

Dugnad på Idavollen i haustferien

Hei folkens!
Om nokon skulle vere i tvil: Det gjeng med stormskritt mot kunstgrasbane på Idavollen. Sjølve grasdekket skal leggast i veke 41 (haustferieveka). I samband med legging av dekket (membran, drenspad og gras), er idrettslaget pålagt å stille med 4-5 personar i 3-4 dagar samt traktor med pallegaffel. Det er ikkje tungt arbeid – utrulling, rydding, limblanding etc. Dette passar for både unge, vaksne og eldre. Vi håper i første omgong at folk melder seg frivilleg til denne dugnadsinnsatsen, og oppfordrar først og fremst de som til no ikkje har fått bidratt i kunstgrasprosjektet. Det er ikkje lagt nokon detaljert plan for dugnaden, men reknar med det blir høve til å bidra både på dag- og kveldstid. Meld deg på dugnadsliste til Anders Rem (tlf 45278884) eller Torkjell Døving (tlf 97514256) så snart som mulig, så får vi planlagt denne uhyre viktige innsatsen i god tid ⚽.

BER OM AT DETTE BLIR DELT MED AKTUELLE KANDIDATAR.

Idavollen1LysmasterIdavollen2

Stadion1Asfaltlegging2Asfaltlegging1

Arbeidet med kunstgrasbana går rast framover. Graset er allereie kome på rull og i pakke og i veke 41 er det klart for legging. Dugnadsliste er sendt ut og veret vert godt så dette vert bra!!

Kunstgras7 Kunstgras1

Kunstgras6

Kunstgras5Kunstgras8Kunstgras4

Kunstgras9Då kunstgrasbana i Valldal ferdig og teke i bruk 14.10.15:-) Noko arbeid med gjerde, ballfangnett og tilstelling står att. Ein kjempeinnsats er gjort med dugnad, særlig siste dagane har mange gjort ein stor jobb både tidleg og seint. Førebels takk til alle som har stått på for å gjere dette ferdig.

Utleige av stadion

  • Utleige av stadion, gras,  kr 500,- pr dag, kr 1.000 pr helg (fredag – søndag). Leige for klubbhus kjem i tillegg