vi kan – vi VIL

Retningslinjer for fotballgruppa Valldal IL

Retningslinjer for fotballgruppa i Valldal IL

Fotballgruppa i VIL skal så langt det er mogleg tilby gode aktivitetstilbod tilpassa alder, ferdigheiter og ambisjonar til barn og ungdom som ønskjer å spele fotball i klubben.

For alle laga som høyrer til fotballgruppa:

* Alle laga skal i forkant av sesongen ha eit foreldremøte der t.d. forventningar til spelarane og foreldra blir avklarte. Det blir forventa at foreldra til alle spelarane er representerte på møtet. For dei eldste laga er det kanskje naturleg at spelarane også får vere med på møtet og seie si meining.

* Trenar og lagleiar er sjefane for laget. Foreldra må gjerne kome med saklege kommentarar og innspel til trenar/lagleiar. Dette må dei gjere på ein skikkeleg og sakleg måte. Vi minner om at trenarar og lagleiarar brukar mykje av si fritid for ditt barn – dette er viktig å respektere!

* Alle skal møte presis til trening. Dei må ha med seg nødvendig utstyr slik som leggbeskyttarar, drikkeflaske, eigna klede og fottøy. Utan leggbeskyttarar kan ein ikkje rekne med å få delta.

* Det skal leggast vekt på Fair Play – fint språkbruk utan banning, kjefting og nedsettande kommentarar mellom spelarar på same lag, overfor motstandarar og mellom spelarar og trenarar/andre vaksne/dommar. Trenaren er sjefen. Spelarar som ikkje greier dette i kampsituasjon, SKAL byttast ut med ein gong.

* Det MÅ  vere betalt medlemskontingent i Valldal IL og treningsavgift til fotballgruppa for alle som  spelar fotball i regi av fotballgruppa.

* Foreldre som har ungar med på fotball, pliktar seg dermed til å stille på div. dugnadsoppdrag for fotballgruppa/idrettslaget.

* Det er ønskeleg at foreldra viser positivt engasjement for barna sin aktivitet. Møt opp på kampar og gjerne treningar og ver deltakande. Spør gjerne trenaren korleis ditt barn fungerer på trening og korleis fotballutviklinga går.

* Fotballgruppa til Valldal IL er ei forholdsvis lita gruppe av fotballspelarar. Vi ønskjer at alle skal få eit så godt tilpassa tilbod som råd. Vi oppfordrar til talentutvikling. Dette kan vi gjere slik: Spelarar som utmerkar seg med spesielt gode ferdigheiter og som viser spesiell interesse, kan i tillegg til å spele på laget dei høyrer til aldersmessig, få trene og spele kamper også for lag i høgare årsklasse. Dette kan skje ved at trenarane for dei to aktuelle laga i tillegg til fotballgruppa sin trenarkoordinartor, er einige om dette. Foreldra til spelaren må sjølvsagt vere einige i dette og vere klar for å stille som sjåfør og kioskvakt for begge laga.

* Kvart lag skal ha ei sesongavslutning på hausten. Lagleiar er ansvarleg for at dette blir gjennomført. Her skal det sosiale vere det viktige. Ønskjer ein å dele ut div. prisar til spelarar , kan ein gjere det. Det kan t.d. vere «beste treningsoppmøte», «årets toppscorar», «laget humørspreiar». Kvart lag må i så fall tilpasse dette etter aldersnivå.

 

6-10 år

* Alle spelarar skal ha tilnærma lik speletid på kampar.

* Det blir forventa at spelarane greier å ta i mot rettleiing frå trenarar og andre vaksne som er til stades på ein god måte. Skulle dette ikkje vere tilfelle, må trenaren gi tilbakemelding om dette til dei aktuelle foreldra. Foreldra til vedkommande kan bli pålagt å vere til stades på treningar/kampar.

* Ein må rekne med at det trengs foreldrevakter på treningane i tillegg til trenarar. Det vil bli sett opp turnuslister for dette. Foreldre som ikkje har høve når det er oppsette, må sjølv sørgje for å bytte si vakt med andre.

 

11-12 år

* Foreldra gir beskjed til trenar dersom deira spelar ikkje kan møte på trening/kamp.

* Ein går ut i frå at alle som deltek på treningar i regi av fotballgruppa møter presis, er motiverte, konsentrerte  med god innsats på treningane. Dette, i tillegg til treningsoppmøtet gjennom sesongen, vil resultere i meir speletid på kampar.

* Det blir forventa at spelarane greier å ta i mot rettleiing frå trenarar og andre vaksne som er til stades på ein god måte. Skulle dette ikkje vere tilfelle, vil spelaren få en «timeout» og må vente ei stund på sidelinja. Foreldra KAN bli bedne om å hente sin spelar midt i ei trening dersom dette blir nødvendig. Det kan bli også bli nødvendig for foreldra til vedkommande å vere til stades på treningar/kampar. Trenaren gir tilbakemelding til foreldra viss spelaren ikkje greier å følgje dei reglane som gjeld.

 

13-16-år

* Gi beskjed til trenar om du ikkje kan møte på trening/kamp.

* Ein går ut i frå at alle som deltek på treningar i regi av fotballgruppa møter presis, er motiverte, konsentrerte  viser god innsats på treningane. Dette, i tillegg til treningsoppmøtet gjennom sesongen, vil resultere i meir speletid på kampar.

* Ferdigheiter vil verke inn på speletid på kampar

* Det blir forventa at spelarane greier å ta i mot rettleiing frå trenarar og andre vaksne som er til stades på ein god måte. Skulle dette ikkje vere tilfelle, vil spelaren få en «timeout» og må vente ei stund på sidelinja eller bli bortvist frå treninga. Det kan også bli nødvendig for foreldra til vedkommande å vere til stades på treningar/kampar. Trenaren gir tilbakemelding til foreldra viss spelaren ikkje greier å følgje dei reglane som gjeld.

 

Desse retningslinjene gjeld frå sesongen 2015. Dei vil nok bli revidert etter som tida går.