vi kan – vi VIL

Nyttårsmarsjen

Start det nye året med å gå rundt Gjerdsgrenda. Tysdag 1. januar kl 16.00 frå klubbhuset. Utrekkspremiar. Sal av faklar, frukt, vaflar, kaffi toddy, frukt og Valldal Idrettslag sin jubileum refleksveste. Valldal IL er 100 år i 2019 og Nyttårsmarsjen innleiar jubileumsåret.

Startkontingent  familen kr 80,-, vaksen kr 30,-, under 16 år kr 20,-

Fjelltrimmen 2018

Trimkorta er no i sal på Spar – HL Muri. På kortet er det ialt 18 turar av ulik lengde og vanskegrad i Valldal, Fjørå og Tafjord. Mange flotte premiar kan vinnast av dei som deltek. Her er kart og beskrivelse av turane Fjelltrim 2018

Sykkeltrimmen 2018

Det var svært god oppslutning om sykkeltrimmen som trimgruppa arrangerte 1. mai. Heile 199 registrerte deltakarar som starta anten frå Sylte eller Gudbrandsjuvet med innkomst på klubbhuset. Mange heldige vinnarar av utrekkspremiar, men dei heldigaste var dei som vann kvar sin sykkel  Amalie Nystuen Waldal og May Siri Sandnes. Gratulere!

Nyttårsmarsj

God oppslutning om  Nyttårsmarsjen 1. januar arrangert av trimgruppa! 45 spreke unge og mindre unge deltok. Veldig hyggelig å invitere til åpen kiosk i nyoppusset klubbhus etter gåturen.

Premier var sponsa av HL Muri, Bunnpris, Rempro ,Valldal Aktivitetspark, Høvleriet, Tafjord kraft, Sparebanken Møre og Trimgruppa- takk til sponsorar!

Fjelltrimmen 2017

Premiering fjelltrimmen 2017:
Flest poeng barn u/10år: Jenny Vikene
Flest poeng barn u/16 år: Laurits Glomnes
Flest poeng voksne: Steinar Stakkestad
Desse får gavekort på Kr 500 på XXL.

Alle barn med innleverte trimkort får hodelykt.
Uttrekkspremier voksne ( gavekort Kr 200 HL Muri): Einar Hoel og Agnieska Kowalska

Trim på torsdag

Dame- og herretrim på torsdagar på Martin Linge-huset  er delt i to salar frå kl 19-21. Det er fast badminton-trening i sal 3 organisert av Weronica og Gro Marita Du må ikkje vere god i badminton for å kome på trening – her lærer vi alle undervegs 😀
Men vi har altså veldig god plass i sal 2, så for den soma føler seg kalla til f.eks volleyball, innebandy eller basketball så møt opp på torsdagar til valfri aktivitet!

Fjelltrimmen 2017

No er postane til fjelltrimmen 2017 på veg ut. Registreringskort kan kjøpast på Spar Valldal. Sjå elles vedlagte informasjon  Trimpostar 2017

Sykkeltrim 1. mai

Sykkeltrimmen 2017 er vel gjennomført i eit strålande vårver. I alt 183 store og små vart registrert til start anten på Sylte eller Gudbrandsjuvet. Målet var klubbhuset der det var sal av vaflar, kaffi, saft, mm. Folk sat i det fine solskinet fram til spenninga vart utløyst ved trekking av syklar på startbilllettar. Heldige vinnarar vart Magnus Grønmo og Aud Kristoffersen.

Dame- og herretrim

Valldal IL – trimgruppa – inviterer til dame- og herretrim torsdagar kl. 20.00 til 22.00 i Martin Linge huset,  sal 2 og 3. Første gong torsdag 23. Februar

Dette er eit tilbod til ungdom og vaksne. Aktivitetane bestemmer vi frå gong til gong. Ta kontakt om du har gode forslag.
Vi oppfordrar dei som vil delta til å melde seg inn i Valldal IL. Det kan du gjere på www.minidrett.no.
Vel møtt.

Sykkeltrimmen

Som vanleg var det sykkeltrim på 1. mai. Veret var passeleg for ein sykkeltur, ikkje for varmt og ikkje for kaldt. Det gjorde at heile 191 personar, store og små, nytta sjansen og tok seg ein sykkeltur, anten med start frå Sylte eller frå Gudbrandsjuvet. Heldige vinnarar av kvar sin sykkel var Jorunn Hoel og Kim Lounas. I tillegg vart mange andre premiar trekt ut mellom deltakarane.

Klar til start frå Gudsbrandsjuvet

Klar til start frå Gudsbrandsjuvet

Nyttårsmarsjen 1.1.16

Nyttårsmarsj 2015

Sykkeltrim

Tradisjonen tru var det sykkeltrim på 1. mai. Start på Sylte eller Gudbrandsjuvet, innkomst på klubbhuset. Omlag180 betalte startbillett, noko som er god  oppslutning i eit litt kjøleg vårver. På klubbhuset gjekk vaflar, kaffi, brus, pølser og is unna og det var periodevis kø framfor salsluka. To syklar vart trekt mellom deltakarane og dei heldige var Elida Fuglem og Knut Frostad. I tillegg vart mange andre uttrekt og kunne reise heim med sykkel- eller turutstyr, t-skjorter, kosmetikk eller deltakarakort for årets fjelltrim.

20150501_002Fornøgde vinnarar av sykkel, Knut Frostad og Elida Fuglem

Nyttårsmarsjen

Torsdag 1. januar 2015 kl 18.00 har alle sjansen til å få ein god start på friluftslivets år. Møt opp på klubbhuset og ta runden rundt Gjerdsgrenda. Sal av forfriskningar på klubbhuset.

Klubbmesterskap frisbeegolf

Laurdag 4. oktober blei Valldals første klubbmeisterskap i frisbeegolf gjennomført på Jemtegård Frisbeegolfbane. 15 personar møtte opp til denne historiske hendinga i opp mot 20 grader. Det blei først spelt ein runde på 18 hol og deretter ein runde med 12 hol. Den som då hadde færrast kast, kunne titulere seg som klubbmeister. I pausa mellom dei to rundane var det ei eiga konkurranse om å kome nærast ei bestemt korg og David Frutiger vant denne. Her er resultat frå Resultat frisbeegolf

Etter klubbmeisterskapet blei det trekt ut tre heldige vinnarar blant dei 45 som har vore innom Vekas runde denne sesongen. Irene Rødal, Matias Myklebust Sunde og Ole Sander Ytterli får kvar sin frisbee, signert av tidlegare europameister Espen Møkkelgjerd.

Jordmormarsjen

Årets Jordmormarsj vert arrangert laurdag 9. august. Start frå Eidsdal, Herdalen eller Sødalsvika/Muldalsvika. Valldal IL er ein av fleire medarrangørar. Sjå detaljert program på Jordmormarsjen si heimeside

Sykkeltrim  1. mai 2014

Sykkeltrimmen er  for store og små, ung som eldre. Det var muleg å starte anten på Sylte eller Gudbrandsjuvet, innkomst på klubbhuset. Det vart eit verskifte i høve til  siste dagane med  tette snøbyger i løpet av dagen. Likevel var det registrert i alt 157 deltakarar. Flott oppslutning på ein kjøleg og sur dag. På klubbhuset var det  varmt og tørt. Det var det sal av mat og drikke, og etterspørselen etter vaflar var så stor at det gjekk tomt.

Heldige vinnarar av syklar var Jostein Lied og Olai Hjelle Reiten. Utover det vart det trekt ut mange mindre premiar til heldige vinnarar.

Julerunden 2013

Trimgruppa arrangerar «Julerunden» 1. januar 2014. Start frå Klubbhuset kl 18.00 med tur rundt Gjerdsgrenda. Sal av faklar, vaflar,kaffi, gløgg og saft. Premiering. Velkomne til ein god start på den nye året.

 Jordmormarsjen

Jordmormasjen vert i år gjennomført laurdag 10. august. Start frå Eidsdal, Prestegarden i Dalsbygda, Herdalsosen eller Sødalsvika og innkomst i Muldal. Valldal IL er saman med fleire andre lag og organisasjonar medarranggør.  Sjå også www.jordmormarsjen.no

Tur til Trollkyrkjebotn

Torsdag 8. august går vekas tur til Trollkyrkjebotn i fjella mellom Fjørå og Valldal. Oppmøte på Nysetra i Fjørå (750 moh.) kl 1730. Frå setra er det flott usikt over fjorden og fjella ikring. Råsa går vidare slakt oppover mot nordaust til 900 moh, der svingar ho mot aust og held høgda innover til Trollkyrkjebotn. I botnen er det knausar og småvatn, og på den spesielle olivinkollen Litlehesten (1087 moh.) finn vi ei flott steinhytte. Det var Sigurd Hjelme frå Valldal som sette opp hytta. Her finn vi også ein av trimpostane tilValldal IL, og det passar fint å ta ein rast her. Turen går same veg tilbake, og vi går heilt ned att til Hauge. Det er muleg å halde fram frå Trollkyrkjebotn og ned til Gudbrandsjuvet eller Heggen på eiga hand. Turen går på god, merka rås og tek om lag fire timar. Hugs kle og sko etter veret. Veratterhald, om det blir mykje regn og skodde blir det ikkje tur. Turleiar er Nelly Ytterli, tlf 48082103. Påmelding til skyss frå Hauge (kl 1700, eigenandel), kontakt turleiar seinast onsdag kveld. Arrangør er Valldal IL trim i samarbeid med God Helse Norddal. Velkomen på tur! 

Fjelltrim

Trimgruppa har i vår valt ut 16 fine turmål i nærområdet. Turmåla gjev 1,2, 3 eller 5 poeng utifrå tidsbruk og vanskegrad og er både for born og vaksne.  På kvart mål/trimpost er det ein kode og ei bok. Koden skal skrivast på trimkort som kan kjøpast på Spar H L Muri og Rimi. Pris kr 100 for vaksne og kr 50 for born. Samlar ein minst 6 ulike postar innan 1. oktober kan trimkort leverast inn og ein er med i trekning om ulike premiar. I tillegg vert det premiering av dei som samlar flest poeng – vokse og barn

Sykkeltrim

Onsdag 1. mai var det klart for årets sykkeltrim. Veret var surt og kaldt og vinden gjorde det vanskeleg å halde sykkelen stabil anten ein sykla frå Sylte eller Gudbrandsjuvet. Likevel var oppslutninga god og klubbhuset vart heilt fullt og vel så det når deltakarane samla seg der. Salet av vaflar, kaffi, brus og pølser gjekk strålande. Siste post på programmet trekking av premiar på startnummer. Dei heldige som vann hovdedpremiar var Frida Solberg Døving, barnesykkel, og Ida Kristifoffersen Rem, voksensykkel. I tillegg kunne mange deltakarar reise heim med drikkeflasker, refleksvestar, ryggsekk og Kvikk Lunsj inkl registreringskort for årets fjelltrim

Nyttårsrunden

Trimgruppa inviterar til Nyttårsrunden

1. januar 2013 kl 18.00.

Påmelding og start på YSTEREITEN. Sal av vaflar, kaff. gløgg og saft. Det vert muleg å få kjøpe faklar ved start.

Ver med å gå rundt Gjerdsgrenda første dagen i det nye året!

Fjelltrimmen 2012

Årets fjelltrimm er avslutta og vinnarar er klare. Flest poeng i klassa for vaksne vart Andreas Larsen Håvoll med 152 poeng. Han får gavekort på kr 500,-. I tillegg er Steinar Vikene og Lars Kristian Feste uttrekt som heldige vinnarar av gåvekort à kr 250,-.

I klassa for barn var Madelen Magnussen den som hadde flest turar og oppnådde 114 poeng. Ho får også gåvekort på kr 500,-.

14 barn har vore på 6 ulike trimpostar og vert premiert for dette. Det er:

Kristine Døving Feste
Kari Døving Feste
Oda Gjerde Grønning
Malin Rørtveit Håvoll
Helene Indreeide Rongsø
Nora Indreeide Rongsø
Matias Myklebust Sunde
Andrea Myklebust Sunde
Johanna Myklebust Sunde
Johannes Øvrevoll
Madelen Magnussen
Jøran Magnussen
Marte Nerli
Silje Nerli

Sykkeltrim

Trimgruppa stod som ansvarleg for årets sykkeltrim på 1. mai. Dette vart ein suksess! Flott vårver og stor oppslutning. I alt 210 startande vart registrert fordelt på startplassane Sylte og Gudsbrandsjuvet. Alle hadde «målgang» på Klubbhuset og der var det mogeleg å få kjøpt vaflar, kaffi, brus, pølser og is. Oppslutninga var nok større enn arrangørane i trimgruppa hadde rekna med, for det vart tomt for både det eine og det andre etter krav!  Den heldige vinnaren av ein flott DBS terrengsykkel vart Karl Hoel!

Mange syklar og syklistar på Sykkeltrimmen 2012

 ———————