vi kan – vi VIL

Sesongen 2018

Info om sesongen 2018:

På vinteren disponerer vi ein sal i hallen på Martin Linge-huset måndagar kl. 18-20 for puttetrening.

På sommaren har vi Vekas runde som går fast på fredagar kl.18.00 (april-september), med oppmøte litt før for inndeling av grupper og oppvarming. Nytt av året er at vi tar med treningstida på mandagar (kl. 18) ut på Jemtegård og kallar det «Opa bane». Det er då ynskjeleg å setje opp ei «vaktliste» der vi har ein trenar (erfaren kastar) som kan hjelpe nye med teknikktrening, val av type diskar, taktikk m.m.

Viktige datoar på Jemtegård Diskgolfbane:

  • Fredag 6. april: Oppstart Vekas runde
  • Laurdag 5. mai: Vårslepp
  • Laurdag 11. august: Jemtegård Open
  • Fredag 28. september: Siste Vekas runde
  • Søndag 30. september: Opent klubbmeisterskap

Andre aktuelle datoar:

  • ??? Måndag 2. april: Første del av Sunnmørstouren på Øverås???
  • Laurdag 28. – søndag 29. april: Norgescup nr.1 på Molde
  • Fredag 22. – søndag 24. juni: Sula Open EuroPro Tour
  • Laurdag 30. juni: Måløyraidet
  • Laurdag 8. september: PCS Open???
  • ??? oktober: Volda Open???
  • ???: Voldsdalsberga/Fiskarstrand???

Klubbane Valldal, Langevåg, Øverås og Volda prøvar å få til Sunnmørstour i år og Vårslepp i Valldal blir ein del av denne touren. Det er ikkje alle datoar/stader som er spikra, men info kjem etter kvart.