vi kan – vi VIL

Jnr NM ski 2014

Jnr NM 2014 vart arrangert i Mo i Rana 14-16. mars under ganske vanskeleg forhold med mykje regn og vind. Valldal hadde med 2 deltakarar, Trond Marius Vad i M19-20 og Iver Matias Linge Glomnes i M18. Trond Marius lukkast ikkje heilt i sitt siste jnr NM. Iver Matias gjorde det godt med 26. plass i 15 km klassisk og 21.

plass  i 10 km fristil. Han gjekk også ein solid stafettetappe på Møre og Romsdal sitt stafettlag som til slutt vart nr 17.  Iver Matias hadde 11. beste etappetid på 3. etappe av godt over 100 lag. Siste oppgåve for Iver Matias denne sesongen er finalen i Norgescupen på Gålå 29.-30. mars.